Johannes Thingnes Bø til topps under NM rulleskiskyting

Postet av Markane IL den 26. Sep 2017

Johannes Thingnes Bø sikra seg gull under NM rulleskiskyting fellesstart i Sirdal. Han gjekk også inn til sølv på sprinten. (Foto: Nordfjord Team)

Under fellesstarten skaut Johannes feilfritt, og var 23 sekund føre sølvvinnar Henrik L'Abee Lund og 28 sekund føre Lars Helge Birkeland som tok bronse.

Tarjei Bø vart nummer fire på begge løpa medan Johan Eirik Meland fekk 26. plass på sprint og 23.plass på fellesstarten.

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart norsk meister i klasse K19 på fellesstarten. Flo Bødal skaut feilfritt på dei tre første skytingane, men sjølv med to bom på siste ståande var ho 30 sekund føre neste jente i mål. Ho fekk også ein sjuandeplass på sprinten.

Øvrige lokale løparar plasserte seg slik under NM:

Sprint:

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 12     + 2.32  (1+2)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 24     + 4,33  (2+2)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 10    + 1.24  (1+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 14       + 3.06  (1+2)

K20-21: Karoline Erdal,  Førde nr 5                           +1.55 (0+0)

 

Fellesstart

 

M17: Eilev Aa Klokk, Stryn vgs/Vingrom  nr 17      + 6.58,9  (2+3+4+0)

M17: Magnus Midthjell Gjørven, Markane  nr 20     + 7.36,6  (1+3+2+1)

M18: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane nr 16    + 5.08,2  (2+3+4+2)

M19: Aksel Mathias Meland,    Markane   nr 12       + 2.42,9  (0+2+2+1)


Resultatliste NM i rulleskiskyting 2017 sprint

Resultatliste for NM i rulleskiskyting 2017 fellesstart


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.