Sogndal 12.01.2014.

Postet av Markane IL den 13. Jan 2014

Simon Hjelmeset Kirkeeide på 2. plass og Oskar Guddal Breivik på 3. plass i Hodlekverennet.

Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på pallen i kvar si klasse i Hodlekverennet. Foto: Margunn Hjelmeset, 2012

Markane IL hadde to deltakarar i dei rangerte klassane i Hodlekverennet samt ein deltakar i rekrutt. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass i klasse G14 år. Han fullførte den tre kilometer lange løypa på 9 min 27 sek. Han var med det berre tre sekund frå klassesigeren som gjekk til Eskil Hov frå Kaupanger.

Også Oskar Guddal Breivik gjekk seg inn til pallplass. Han kom på tredjeplass i klasse G12 år med tida 7 min 46 sek. Klassevinnar vart Thristan Engebø Ullebø med 7 min 12 sek medan  Sivert Heggheim Mannsverk vart nummer to på 7 min 23. Løypelengda for 12 års klassa var to kilometer. Dette var den største klassa med heile 22 deltakarar på start.

I rekruttklassa J9 år var Selma Guddal Breivik ei av dei åtte jentene på start som leverte flott innsats i sporet. Totalt gjekk nesten 200 løparar årets Hodlekverenn som også var det andre rennet i SSF-cup. Rennet gjekk i klassisk stil.

Resultatliste SSF Cup Hodlekverennet 12.01.2014


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.