Oberhof 3.1.2014:

Postet av Markane IL den 3. Jan 2014

Fin 10. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø gjekk eit nytt godt renn på sprinten i Oberhof. Under vanskeleg forhold med regn, vind og tjukk skodde vart det ein 10. plass.

Johannes fekk to bom på den liggjande skytinga. På ståande vart det fire raske treff før det kom ein bom på sisteskotet. Med jamnt bra fart i løypa var Johannes til slutt 49,7 sek bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Andreplassen gjekk til Ole Einar Bjørndalen som var 0,4 sek bak Svendsen. Martin Fourcade frå Frankrike vart nummer tre.

Tarjei Bø hadde ikkje heilt dagen på sprinten. Det byrja brukbart med ein bom på liggjande, men tre bom under svært vanskelege forhold på ståande øydela mykje. Når farten i løypa ikkje var heilt topp heller, vart det til slutt ein 32. plass. Han var 1 min 39,7 sek bak vinnaren. I morgon er det klart for jaktstart i Oberhof.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.