Sotsij 10.3.2013:

Postet av Markane IL den 10. Mar 2013

4.plass i stafetten med både Tarjei og Johannes på laget

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Stian Grythaugen

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på Noregs verdscuplag under stafetten i Sotsij. Foto: Stian Grythaug

Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø var med på Noreg sitt verdscuplag under stafetten i Sotsij. Dei to andre på laget var Vetle Sjåstad Christiansen og Henrik L`Abee-Lund.

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk bra på første etappe og held Noreg inne i tetkampen. Henrik L`Abee-Lund måtte ut i ein strafferunde på sin andreetappe. Dermed var Noreg noko bak teten då Johannes Thingnes Bø gjekk ut på sin tredje etappe. Johannes gjekk godt i sporet og skaut fullt på liggjande. På ståande gjekk det ikkje fullt så bra. Etter at dei tre ekstra skota vart brukte, stod det att ein blink og dermed vart det ein tur i strafferunden. Tarjei gjekk godt på sin etappe og klarte seg med eit ekstra skot på siste skyting. Likevel vart det akkurat for langt opp til pallen, og Noreg enda på ein fjerdeplass. Russland vann stafetten føre Tyskland og Tsjekkia.

I stafettcupen enda Noreg på ein andreplass samanlagt berre tre poeng etter vinnaren Russland.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.