Kategori
Nove Mesto 14.2.2013:
Postet av Markane IL den 15. Feb 2013
12.plass til Tarjei Bø på normaldistansen
Tarjei Bø hadde sjansen til gull heilt til siste ståande skyting på 20 km under VM i Nove Mesto i dag. Tarjei hadde 15 treff på dei tre første seriane, og etter at Martin Fourcade hadde bomma ein gong ville Tarjei gå ut i leiinga med fullt hus på siste skyting. Men på siste skyting vart det to bom og dermed også to minutt i tillegg. Dermed vart det til slutt ein 12. plass.
Martin Fourcade vann 20 km føre Tim Burke frå USA og Fredrik Lindstrøm frå Sverige.
Neste løp for Tarjei er stafetten på laurdag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.