Nove Mesto 7.2.2013:

Postet av Markane IL den 7. Feb 2013

VM-gull i mix-stafetten

-flott etappe av Tarjei Bø!

Tarjei Bø. Foto: NRK

Tarjei Bø innleia VM på beste måte med gull i mix-stafett. Foto frå NRK.

VM i Nove Mesto vart innleia på best mogleg måte for Tarjei Bø. Saman med Tora Berger, Synnøve Solemdal og Emil Hegle Svendsen gjekk han inn til VM-gull i mix-stafett. 

Tora Berger gjekk første etappe for Noreg. Det gjorde ho på ein suveren måte med to fulle hus på skytinga og god fart i løypa. Ho veksla først og sendte Synnøve Solemdal ut på andre etappe med ei leiing på 12,1 sekund ned til Russland. Solemdal gjekk ein god førsterunde med stor fart i sporet og skaut også fullt hus på liggjande. Ho kom også først inn  til ståande skyting. Her måtte ho bruke to ekstraskot. Dermed gjekk ho ut rett i rygg på Russland. Ved veksling skilde 3,7 sekund frå Russland ned til Noreg. Tarjei fekk dermed eit godt utgongspunkt ut på sin tredje etappe. Etter kort tid var Noreg, Russland og Frankrike samla teten og dermed kom tre lag saman inn til første skyting. Tarjei skaut raskt, men måtte bruke eitt ekstra skot Han gjekk likevel ut i rygg rett bak Frankrike. Inn til andre skyting låg Tarjei først i den same tet-trioen. Han fekk ned alle fem blinkane i lyntempo og gjekk ut på sisterunden 3,7 sekund før Russland. Inn til veksling hadde leiinga auka til 12,3 sekund ned til Russland og 31 sekund til Frankrike.

Emil Hegle Svendsen gjekk ankeretappen. Han heldt stor fart i sporet og skaut feilfritt på første skyting. På andre skyting måtte han bruke eitt ek straskot, men han hadde full kontroll og gjekk inn til gull med 20 sekund margin ned til Frankrike. Tsjekkia tok bronse 32,3 sekund etter Noreg.

Laurdag er det klart for det første individulle løpet for Tarjei. Så følg med på sprinten laurdag 9.2 på NRK1 frå kl. 1300.

Vi gratulerer med VM-gull!!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.