Ruhpolding 10.01.2013:

Postet av Markane IL den 10. Jan 2013

2.plass til Noreg i skiskyttarstafetten

-god etappe av Tarjei Bø.Tarjei Bø, Ruhpolding 10.01.2013. Foto: Jens Petter Søraa

Det norske laget kom på andreplass i dagens verdscupstafett i Ruhpolding. Tarjei Bø gjekk sin første stafett for sesongen og leverte ein god etappe.

Lars Helge Birkeland gjekk førsteetappen. Han skaut feilfritt og sende Tarjei ut på andreetappen ein fin tredjeplass like bak leiande Tyskland.

Etter ein feilfri liggande serie låg Tarjei framleis på ein tredjeplass. På den ståande serien vart det fire gode treff medan alle tre ekstraskota gjekk med for å få ned siste blinken. Ut etter andre skyting var Tarjei nede på ein sjuandeplass. Differansen fram til leiande Tyskland var på 24,8 sek. Men med ein forrykande siste runde tok Tarjei igjen konkurrentane og sende Henrik L`Abee-Lund ut på tredjeetappen som førstemann. Tyskland og Frankrike følgde like bak.

Henrik L`Abee-Lund gjekk også ein god etappe og brukte berre eit ekstraskot. Då Emil Hegle Svendsen gjekk ut på siste etappe låg Noreg på andreplass 4,8 sek etter Austerrike. Tre ekstraskot på siste ståande skyting gjorde at sigeren glapp i dag, men god fart på sisterunden gav ein fin andreplass til det norske laget 9,8 sek etter Frankrike. Austerrike vart nummer tre.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.