Kategori
Olden 08.09.2012
Postet av Markane IL den 10. Sep 2012
Skarsteinsetra opp 2012
I alt 26 syklistar og 11 løparar stilte opp då årets Skarsteinsetra opp vart avvikla i ruskete vêr laurdag 8.september. I tillegg fullførte rundt 80 trimmarar det 4,6km løpet/rittet.
Det vart sett tre løyperekordar i årets løp. Erlend Eide frå Eidsfossen sykkel vann og sette ny rekord i sykkelklassa for herrar med tida 19min 10s. Janne Bruhn-Henriksen sette ny rekord i sykkelklassa for damer med 25,54. Også Helge Hafsås sette ny rekord i herreklassa i løpet med tida 22min 40s.
Markane IL hadde ein deltakar med i konkurranseklassane. Kåre Bøe (foto) deltok i sykkelklassa for M 40-49 og kom i mål til ein fin fjerdeplass med tida 26min 10s. Klassa vart vunnen av Helge Roska frå Eidsfossen sykkel på 22min 36s.
Komplette resultatliste for konkurranseklassane er lagt ut nedanfor.
Resultatliste frå Skarsteinsetra opp 8.9.2012 Arrangør: Olden IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.