Kategori
Naustdal 02.09.2012:
Postet av Markane IL den 3. Sep 2012
Dag Arne Eide klassevinnar i årets "Haustbløyta"
Orienteringsløpet "Haustbløyta" levde opp til namnet sitt dette året. Skodde og striregn gjorde nok sitt til at berre 15 deltakarar stilte opp. Markane IL hadde ein deltakar til start, Dag Arne Eide som gjekk til topps i klasse H55.
Øvrige klasse vinnarar: D13-14: Malene Berle frå Fj/Vereide IL, D15-16: Oda Eide frå Fj/Vereide IL, H 10-12: Mardon Solheim Erland frå Førde IL, H19: Torbjørn Os frå Førde IL, H45: Vidar Eide frå Fj/Vereide IL og H-open: Jan Herstad frå Tambarskjelvar IL.
Komplett resultatliste for årets "Haustbløyta" er lagt ut nedanfor.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.