Trondheim 25.03.2012:

Postet av Markane IL den 26. Mar 2012

Flott innsats av Sogn og Fjordane sitt stafettlag i NM!

Sogn og Fjordane sitt stafettlag. Foto: Nordfjord Team

Sogn og Fjordane sitt stafettlag under NM i Trondheim. Frå venstre: Johannes Thingnes Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland. Foto: Norfjord Team

 Sogn og Fjordane stilte med eit reint juniorlag i den avsluttande stafetten i skiskyting-NM i Trondheim, og heile tre av løparane var frå Markane IL. Johannes  Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland gjorde saman med Håvard Gutubø Bogetveit frå  Førde IL ein imponerande innsats og blei nummer 7!

Johannes Thingnes Bø gjekk første etappe. Han skaut på seg to strafferundar og veksla som nummer 5. Håvard Gutubø Bogetveit som gjekk andre etappe, måtte også tole ein strafferunde. Ved andre veksling var Sogn og Fjorane nummer 8. Jarle Midthjell Gjørven. Gjørven skaut godt og slapp strafferundar. Han veksla som nummer 9 med Johan Eirik Meland. På same etappen gjekk skiskyttarstjerner som Emil Hegle Svendsen og Lars Berger. Etter siste skyting var Johan Eirik heilt oppe på fjerdeplass, og sjølv om nokre løparar gjekk forbi på sisterunden er det imponerande å klare ein 7.plass med eit reint juniorlag. Dette lovar utruleg godt for framtida!

Resultatliste stafett NM skiskyting Trondheim Dato: 25.03.2012


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.