Kategori
Trondheim 24.03.2012:
Postet av Markane IL den 24. Mar 2012
Johannes Thingnes Bø tok fjerdeplassen på fellesstarten
Johannes Thingnes Bø leverte nok eit imponerande løp under senior-NM i skiskyting i Trondheim. Han kom utruleg nær pallen med 4. plass på dagens fellesstarten. Rune Brattsveen vart norgesmeister, Lars Berger kom på 2. plass og Emil Hegle Svendsen på 3. plass. Avstanden frå Johannes fram til pallen var berre på 11 sekund.
Johannes Thingnes Bø skaut feilfritt på dei to første skytingane. Etter den andre skyting var han i teten, 23 sekund føre Rune Brattsveen. På den tredje skyting vart det tre strafferundar på Johannes, og han gjekk dermed ut i løypa på ein tredjeplass. Med to strafferundar på fjerde skyting vart det ein runde for mykje til å klare ein pallplass. Sjølv om han tok inn på Emil Hegle Svendsen i løypa på siste runden, skilde det 11 små sekund opp til ein bronse. Tarjei Bø stod også over fellesstarten på grunn av sjukdom.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.