Norgescup Simostranda 15.01.2012

Postet av Markane IL den 15. Jan 2012

Johannes Thingnes Bø suveren vinnar av sprinten i klasse M19

-Johan Eirik Meland på andreplass i klasse M18

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Skiskyttarane frå Markane IL leverte nok ein gong fantastiske resultat i Norgescupen. Johannes Thingnes Bø vann sprintklassen for M19 med over eit minutt og ti sekunds margin trass i to bom medan andremann Tore Leren frå Vingelen IL skaut feilfritt. Ein suveren prestasjon! På tredje plass i klassa følgde Tommy Grøtte frå Trondhjems skiskyttere. Jarle Midthjell Gjørven kom på ein 11.plass 2 min 18 bak vinnaren også han med to strafferundar. Runar Netland vart nummer 34 med tre bom.

Johan Eirik Meland var berre sekund frå å bli dobbelvinnar i helga. På sprinten i dag vart det tilslutt ein andreplass berre 12 sekund etter vinnaren Fredrik Mack Rørvik frå Målselv SSL. Johan Eirik måtte ut i ein strafferunde på første skyting medan vinnaren skaut feilfritt. På tredjeplass følgde Espen Hol frå Vestre Målselv SSL.

Også i klasse M17 vart det siger til ein lokal løpar då Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Nordfjord Team gjekk heilt til topps. Også vår eigen Lars Midthjell Gjørven leverte eit solid løp og kom inn på sjuandeplass 1min 4 sekund bak vinnaren trass tre strafferundar.

Nordfjord Team fekk også klassevinnarane i K17 og K18 der Mari Sollid Eide (K17) og Heidi Flo Bødal (K18) begge frå Stårheim IL gjekk heilt til topps.

Vi gratulerer med flotte resultat!

Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor:

Resultatliste DNB Nor Cup2/Statkraft Cup3 Sprint Simostranda 15.01.2012


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.