Gloppen 28.-29.10.2011:

Postet av Markane IL den 12. Okt 2011

HAUSTSAMLING FOR UNGE ORIENTERINGSLØPARAR

 Gloppen, 28.-29.oktober 2011.

Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til haustsamling for orienteringsungdom
i Gloppen, 28 og 29 oktober .
 
Frammøte: Gloppen Camping kl. 18.00
 
Målgruppe:
Ungdom som vil bli med på o-løp i og utanfor o-krinsen
 
Aldersgruppe: 13 år og oppover
 
Innhald: (Meir detaljert innhald kjem seinare).
 
Fredag 28 oktober:
 
-Nattløp
-Korleis det var på Hovedløpet i 2011- innlegg frå dei som deltok.
 -Vi set oss mål for 2012.
-Utdeling av overtrekksjakker sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane.
 
Laurdag 29 oktober:
 
Korleis halde på det gode miljøet i o-krinsen og samstundes gje eit tilbod til dei som ynskjer å ha orientering som " førsteaktivitet".
Andreas Magerøy, Frol IL, blir med og leier diskusjonen.
O-teknisk økt , eksempel på korleis du kan trene o-teknikk på eiga hand.
 
Overnatting/ mat: Gloppen Camping. Alle tek med seg brødmat og eigen drikke.
Krinsen kjøper inn pizza fredag.
 
Den enkelte tek med:
O-utstyr, gode overtrekkskle, kompass, EKT-brikke og reservelys ( hodelykt). Du treng ikkje sovepose. Innesko og tørre bytekle.
 
Påmelding innan 17.oktober 2011
 
Dersom nokon ønskjer å delta, så send påmelding til antoniak@online.no så vidaresender Markane IL alle påmeldingar samla.
 
Avgift: Kr. 100 pr. samling, vert kravd inn av o-krinsen i etterkant
 
Instruktørar/leiarar: Andreas Magerøy, Gunnar Gytri, Norvald Ospehaug og representantar for lokale klubbar.
 
Markane IL oppfordarar ungdom i laget som er interessert i orientering i å delta på samlinga!
 
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.