Friidrett:

Postet av Markane IL den 19. Aug 2011

Lagsmeisterskap i friidrett fredag 26.august.
 

Friidrett på barneidrettsskulen 2008. Foto: Barneidrettskulen

Foto frå friidrettstrening på Barneidrettskulen i 2008.

 
Lagsmeisterskapet i friidrett som vert arrangert i fellesskap av klubbane i Indre Nordfjord, vart i vår utsett
 
No er ny dato for arrangementet bestemt:
 
Årets lagsmeisterskap vert arrangert fredag 
26.august kl.18.00 på Hornindal idrettspark.
 
Øvingane som er på programmet er:
 
For klasse 7-9 år: lengde, 60m og liten ball.
 
Klasse 10-12 år: 60m, 600m, lengde,kule, liten ball og høgde.
 
Klasse 13 år og oppover: 60 m/ 100m, lengde, høgde, kule, liten ball, spyd, 600 m/ 800 m og tresteg.
 
 
Påmelding skal sendast til Aslaug Thingnes Bø på epost aslaugtb@gmail.com  eller send melding til tlfnr. 400 40 325
innan måndag 22.august.
 
Det er høve til å etterpåmelde seg ved start, men vi gjerne ha flest mogleg påmeldingar på førehand!
 
Hugs å oppgje namn, fødselsår og kva øvingar du ønskjer å delta på!
 
Startkontingenten er 50 kr uavhengig av kor mange øvingar du er med i.
 
På grunn av byggjearbeid rundt Hornindal skule vil parkering bli ved kyrkja.
 
 
 
Velkomne på lagsmeisterskap!
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.