Ullsheim 13.1.2015:

Postet av Markane IL den 14. Jan 2015

78 deltakarar på sesongens første cuprenn

 Sara Annie, Mari Sofi og Oddrun. Foto: John Roger Meland

Tre av deltakarane i klasse 9-10 år: Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: John Roger Meland

78 deltakarar stilte opp då sesongens første cuprenn vart arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsmeisterskap for Markane IL. Størst deltaking var det i dei yngste klassane med 24 løparar i klassa for dei som er 8 år eller yngre og 15 i klassa for 9- og 10-åringar.

I klassa for dei frå 11-12 år vart det klassesigrar til Kasper Mundal i guteklassa og Emilie Flo Stavik i jenteklassa. Emilie vart også lagsmeister for jenter 12 år medan Gjertlin Kirkeeide vart lagsmeister for jenter 11 år. Elias Dispen Lødemel vart lagsmeister for gutar 12 år og Jørgen Trøsken vart lagsmeister for gutar 11 år.

I klassa gutar 13-14 år gjekk sigeren til Magnus Seljeset frå Hornindal IL. Oskar Guddal Breivik vart lagsmeister for gutar 13 år medan Nikolai Dispen Lødemel vart lagsmeister for gutar 14 år. Anne Marie Roset som representerer IL Veten i langrenn, vann klassa for jenter 15-17 år. Kari Alsaker vart lagsmeister for MIL i klasse J15. Aksel Mathias Meland vann klassa for gutar 15-17 år. Han vart også lagsmeister i klasse G16. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart lagsmeister i klasse G15 og Odd Sindre Tonning i klasse M17.

I klassa for kvinner 18 år og eldre vart Anne Marie Svarstad både cup- og lagsmeisterskapvinnar. Klassa for menn 18 år og eldre vart vunnen av Gaute Bø. Han vart også lagsmeister for klasse M18 medan Sigbjørn Fænn vart lagsmeister for menn senior. Ingvild Hatledal vart cup- og lagsmeisterskapvinnar i klasse kvinner UH senior.

Neste cuprenn er alt tysdag 20. januar. Då i klassisk stil.

Resultatliste for cuprenn 1 i Markanecupen/Telenorcup. Fri teknikk. Dato: 13.1.2015

Resultatliste for lagsmeisterskap i friteknikk for Markane IL 13.1.2015.

 

Eirik Bjørlo Sandbakk, Daniel Langeset,Anders Svarstad Hole og Elias Dispen Lødemel. Foto: Sigbjørn Kirkeeide

<

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.