Ullsheim 9.12.2014:

Postet av Markane IL den 10. Des 2014

Rapport frå årsmøte i Markane IL

Tysdag 9. desember var det årsmøte i Markane IL. På saklista var vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, anleggsplan, spelemiddelsøknad, kontingent m.m.

Årsmeldingane for styret og gruppene syner svært stor aktivitet i laget i 2014. Totalt 22 personar var til stades på årsmøtet. Ein liten auke frå i for, men det hadde sjølvsagt vore ønskjeleg at årsmøtet samla endå fleire.

Av innkomande saker var arrangementet Fjord-O Vest 2016 og lagsgensar for Markane IL.

Årsmøtelyden gav si støtte til at o-gruppa jobbar vidare med å få på plass nøkkelpersonar for å eventuelt kunne seie ja til å ta på seg arrangementet i samarbeid med IL Veten.

Eldbjørg Hatledal viste fram ei førsteutgåve av ein lagsgensar for MIL rekonstruert etter gamle foto av gensaren laget brukte i "gamle dagar". Årsmøtelyden støtta arbeidet med å vidareutvikle gensaren.

Kontingenten for 2015 vart vedteken uendra. Årsmøtelyden fekk elles informasjon om blant anna planer om å leggje ut møtereferat heretter på nett, arrangement i laget framover og planane om utgje ei jubileumsbok om MIL.

Det vart sjølvsagt også gjennomført val til styret og gruppestyra for 2015:

Eldbjørg Hatledal vart attvald som leiar for eit nytt år medan Rikard Kirkeeide Bøe vart vald til ny nestleiar. Nye i styret for 2015 er også styremedlemmane Kristin Hatledal og Sigbjørn Fænn. Sekretær Antonia Karete Kongsvik og styremedlem Arvid Hatledal (med særskilt ansvar for Ullsheimanlegget) var ikkje på val.

Stor takk til Hallgeir Nygård, Magne Maurset og Alf Martin Almskår som no går ut av styret, for innsatsen dei har gjort for laget!

I gruppestyra vart det følgjande endringar: Knut Arild Løvdal Stauri gjekk ut av styret i skiskyttargruppa og Thomas Hesig ut av styret i skigruppa. Det vart bestemt å redusere styra i desse gruppene med ein person. Det vart såleis ikkje vald inn nokon nye her. Aslaug Thingnes Bø gjekk av etter fleire år som leiar for friidretten i laget. Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne nokon som ville overta leiarvervet for friidrett og styret fekk dermed fullmakt til å utnemne leiar for 2015.

Takk til Aslaug, Knut Arild og Thomas for arbeidet dei har lagt ned i gruppene!

Valet vart godt gjennomført av leiar i valnemnda Wenche Arntsen som dermed er ferdig med sine tre år i nemnda. Nytt medlem i valnemnda for 2015 vart Monika Osvold.

Oversikt over samansetnaden av styret, gruppene og anna personell for 2015 finn du her


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.