Stor deltaking på første renn i cupen

Postet av Markane IL den 6. Jan 2016

Heile 142 løparar stilte opp då cupen starta opp med renn i fri teknikk, enkeltstart.

På start var løparar frå laga både i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen og Hellesylt. I den yngste klassa opp til og med 8 år deltok det heile 42 born. Ein god del var med på sitt første renn og vi håper sjølvsagt at dei kjem igjen på fleire. Også i 9-10 år klassa var det godt oppmøte med 26 startande.

I dei yngste konkurranseklassane for 11 og 12 åringar var Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL raskast i jenteklassa medan Trygve Myrold frå Stårheim var raskast i gutteklassa. Totalt var der 18 deltakarar i 11-12årsklassane

I klasse for gutar 13-14 år vann Lasse Flo Bødal frå Stårheim medan Oskar Guddal Breivik frå Markane IL vart nummer 2. I klassa for jenter 13-14 år vann Oselie Henden med seks sekunds margin til Ingrid Heggen. Emilie Flo Stavik var best av deltakarane frå Markane med ein tredjeplass. I alt 26 løparar stilte opp i 13-14årsklassene.

I klasse 15-17 år gjekk Aksel Mathias Meland frå Markane IL til topps. Han var fem sekund føre lagkamerat Simon Hjelmeset Kirkeeide. I jenteklassa vart det siger til Inger Ringdal Sæter. Ho var ni sekund føre Anne-Marie Roset. I alt 18 stilte opp i 15-17årsklassane.

I seniorklassane vann Håkon Midthjell Gjørven (Foto: Nordfjord Team). Han var ni sekund føre Gaute Bø. Ann Kristin Grodås vann dameklassa føre Ingunn Vanberg Bøe. Denne gongen var det også bra deltaking i seniorklassane med totalt 10 deltakarar.

Ivar Ulvedal vann klassa for FH menn senior.

Neste renn i cupen er tysdag 26. januar.

Komplett resultatliste er utlagt nedanfor:

Resultatliste cuprenn 1 i fri teknikk sesongen 2016 -Oppdatert-Dato 5.1.2016.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.