Informasjon om inn- og utmelding, medlemskontingent m.m.

Markane Idrettslag er eit svært aktivt lag. Noko av aktiviteten vår finn du ved å lese på heimesida. Laget har for tida grupper i ski, skiskyting, trim, orientering, friidrett og i tillegg kjem Markane og Stryn Barneidrettsskule.

Innmelding/utmelding/endring av medlemskap.

Dersom du ønkjer å bli med i laget, send ein epost til Antonia Karete Kongsvik antoniak@online.no.

For å få registrert deg/dykk treng vi namn, adresse, fødselsdato og år. I tillegg vil vi gjerne registrere alle våre medlemmer med epostadresser og mobilnummer for å enklare kunne sende ut informasjon. Yngre born vert registrerte med epost/telefonnummer til ein av foreldra.

Dersom nokon skulle ønskje å melde seg ut, så send oss ein epost til antoniak@online.no, så vert de fjerna frå medlemslista. Hugs også å melde frå til oss ved eventuelle endringar i medlemskapet til dømes nye familiemedlemmar! Born går automatisk over til enkeltmedlemskap(vaksen) det året dei fyller 18.

Medlemskontingent for 2015:

Born (født 1998 eller seinare): 300 kr

Enkeltmedlem (vaksen): 400 kr

Familiemedlemskap: 1000 kr

Fri bruk av rulleskibana er inkludert i medlemskontingenten.

Medlemskap for vaksen eller familiemedlemskap gjev rett til gratis parkering på Ullsheim.

Markane IL sine medlemmer (vaksen/familie) er også medlemmar i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.