NM-siger to dagar på rad til Maren!
Postet av Markane IL den 20. sep 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok eit suverent NM-gull i rulleskiskyting sprint på Lygna laurdag. Seinare same dag vart det NM-sølv på Ane Hjelmeset Kirkeeide. Søndag sikra Maren seg nok eit NM-gull på fellesstarten!
Maren var i ein eigen klasse under sprinten som gjekk under krevjande forhold. Trass i ein bom på siste ståande skyting, utklassa ho konkurrentane og vann med 45 sekund margin.
Karoline Erdal frå Førde IL kom på andreplass, medan Frida T. Dokken tok tredjeplassen.
Seinare på dagen tok Ane Hjelmeset Kirkeeide NM-sølv i 17-årsklassen. Ho var 54 sekund frå gullet sjølv om ho hadde to strafferundar meir enn vinnaren.
På fellesstarten sikra Maren seg nok eit gull. Ho pådrog ho seg tre bom på standplass, men med rask fart i sporet vann ho med 18 sekund føre Guro Ytterhus.
På ein sterk 9. plass kom Ann Kristin Aaland i Hardbagg IL. Med fire bomskot var ho litt over to minutt bak vinnaren frå Markane IL.
Mari Sofi Meland, Markane IL, kom på 25. plass i seniorklassen for kvinner.
Vi gratulerer!
Miljøsamling 26.-27.9.2026
Postet av Markane IL den 14. sep 2026

Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, inviterer nok ein gong utøvarar i alderen 8-15 år (f. 2018 og eldre) til miljøsamling på Ullsheim. Allsidige aktivitetar og mykje moro. Bli med du også. Foto frå samlinga i 2024
Tidspunkt: Laurdag 26. september ca. kl. 09:00 - søndag 27. september ca. kl. 14:00
For kven: Utøvarar i alderen 8-15 år
Påmelding: via iSonen https://isonen.no/event/cmt1mq7eb06bvbg01rekyz6td/miljosamling-ullsheim-2026/
Frist for påmelding: Måndag 21. september kl. 23:59
Meir informasjon om samlinga kjem når det nærmar seg. Med atterhald om endringar.
Pris: 400 kr pr deltakar + serviceavgift iSonen (totalt 420)