Kategori
Bendit-TV frå 1.mars:
Postet av Markane IL den 28. Feb 2012
Skiskyttarar frå Markane/Stryn konkurrerer med langrennsløparar i realityserie på nett!
Seks skiskyttartalent fra Markane IL/Stryn vgs skal møte seks langrennstalent frå Heming IL i "Bendit-duellen" for å avgjere kven som er dei mest komplette idrettsutøvarane. Serien har premiere på "Bendit-TV" (nett-tv) 1. mars. Det skal i alt lagast sju episodar.
Dei to laga skal leiast av kvar sine mentor. Vår eigen Tarjei Bø er mentor for Markane/Stryn medan Astrid Uhrenholdt Jacobsen leiar Heming. Laga vert utfordra innanfor seks ulike områder som er viktige for å bli komplette som idrettsutøverar. Dei seks områda som inngår i konkurransen er: uthaldenheit,hurtigheit/spenst, fysisk styrke, mental styrke, koordinasjon og ernæring.
Deltakarane vert utfordra til å teste ut alternative former for trening for
å forbetre seg innanfor dei ulike områda. Vinnaren av konkurransen vert kåra i den store duellen i siste episode.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.