Kategori
Ullsheim 12.-13.10.2013:
Postet av Markane IL den 14. Okt 2013
Skiskyttartreff på Ullsheim
Ein del av dei som var på skiskyttartreff på Ullsheim i helga. Foto: Fjordingen.
61 unge skiskyttarar i alderen 11-16 år var samla til barmarksamling på Ullsheim i helga. I tillegg til deltakarar frå Markane IL var det også med løparar frå Stårheim, Volda, Sunnylven, Hornindal og Hardbagg.
På skiskyttartreffet vart det både instruksjon, trening og sosialt samvær. Laurdagen vart brukt til skyteinstruksjon, rulleskigåing, intervall-, spenst- og hurtigheitstrening. Søndag vart samlinga avslutta med skogsløp med skyting for dei yngste og testløp på rulleski for dei eldste.
Resultatliste frå testløpet søndag er lagt ut her:
Resultatliste for testløp på Skiskyttartreffen Ullsheim 13.10.2013
Nedanfor finn du fotoserie frå helgas samling.
Fotograf er Margunn Hjelmeset
Gruppefoto frå skiskyttartreffen 2013. Foto: Margunn Hjelmeset
Anders Svarstad Hole gjer seg klar.
Førebuing på standplass
Sondre Roset
Mange deltakarar -mykje utstyr
Anne Marie Roset konsentrerer seg på standplass
Klar for innsats i bandy.
Maren Hjelmeset Kirkeeide og Håvard Tonning
På rulleski
Konsentrasjon før start
Bandykamp for dei yngste
Nikolai Dispen Lødemel på standplass
Trening utan stavar
Klar til skyting
Maren Hjelmeset Kirkeeide i fint driv
Johnny Seljeset
Anne Marie Roset
Oselie Henden
Godt med is
Aksel Mathias Meland
Kari Alsaker
Aksel Mathias Meland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.