Klart for årets andre cuprenn tysdag 30.januar

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Det er klart for årets første cuprenn tysdag 30.januar. Rennet går i fri teknikk med individuell start.
Utdeling av startnr frå kl 18:00, første start frå 18:30 Utan tidtaking på dei yngste, eldre barn kan også velje dette om dei ønsker.

Du treng ikkje være medlem i Markane IL for å delta. Deltakeravgifta på cuprenn er kr 50,- Avgifta betalast med vipps (Vippsnr 641339) ved påmelding. Påmelding i kommentarfeltet under annonsa i facebookgruppa til Markane IL, helst innan måndag kveld! Skriv namn + fødselsår. Om du ikkje har hugsa på å melde deg på førehand, så kom likevel!

Det blir boller å saft til alle deltakarar etter målgang 🙂

NB! TRIMKLASSE for den glade mosjonist! Kven som helst kan delta! Meld deg på, gå når du ønskjer det og den distansen du vil - eller delta med startnummer, du legg lista!

Løparar frå andre klubbar er sjølvsagt velkomne til å delta



1. og 2.plass på Kvalfoss-sprinten normaldistanse!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Det var nok ein flott dag i Holmenkollen for skiskyttarane frå Markane IL. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps for andre dag på rad då ho vann J14 medan Syver Melheim Espe sikra seg andreplassen i klasse G13.

Ane Hjelmeset Kirkeeide tok sigeren på normaldistansen i Kvalfoss-sprinten 8 sekund føre Hanna Andersen Sarfi frå Asker Skiklubb. Ane hadde god fart i sporet og drog sigeren i land også i dag sjølv om det vart ein bom på kvar skyting medan næraste konkurrent Sarfi fekk ein bom totalt. Mari Vølstad frå Figgjo vart nummer tre, 16 sekund bak.

Syver Melheim Espe gjekk inn til ein flott andreplass i G13. Han var berre 4 sekund etter klassevinnaren Linus Bekkelund frå Østre Toten IL trass i ein bom meir.

I tillegg vart det ein fin fjerdeplass for Brita Svarstad Heggdal i J13. Ho var berre 10 sekund etter tredjeplassen. Klassevinnar vart Mille Kringler frå Lørenskog IL. Olina Svarstad Heggdal kom også rett utanfor pallen  med sin femteplass. Klassevinnar her vart Vilja Fuglem frå Valldal IL.

Lenke til resultat: https://live.eqtiming.com/69589#result:266873-995121-1270168-1-1-

Vi gratulerer med flott innsats!




EM-gull i miksstafett til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 28. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok sitt tredje EM-gull då ho gjekk sisteetappen på Noreg sitt lag i miksstafett! Dei andre på laget var Isak Frey, Johan Olav Smørdal Botn

I mål var det norske laget 14,6 sekund føre Frankrike på sølvplass medan Italia som tok bronsen var 53,8 sekund bak. 

Maren har dermed teke medalje på alle løp i EM med  tre gull (normaldistanse, jaktstart og blanda stafett) og ein sølvmedalje (sprint).

Vi gratulerer!

Foto: Skjermdump frå IBU




Nytt EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg eit nytt EM-gull då ho vann jaktstarten i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Etter sølvet på sprinten fredag gjekk Hjelmeset Kirkeeide ut på andreplass på jaktstarten med 14 sekunds differanse opp til Ida Lien.

Etter dei to første skyting avr Ida Lien framleis i leiing, men så fekk ho kom bomskota på ståande.

Maren fekk ein bom på første liggande skyting, og sjølv med fem treff på andre liggjande skyting så var avstanden opp til leiaren på om lag eit minutt.

På første ståande skyting kom det to bom for Ida Lien, medan Hjelmeset Kirkeeide nok ein gong skaut fullt. Dei to gjekk dermed ut samstundes etter tredje skyting frå stadion, og det låg an til at alt skulle avgjerast på siste skyting.

Maren kom først inn på standplass til siste skyting. OGså på denne ståande skytinga vart det to rundar for p Lien  medan Maren fekk ein runde. Bakfrå kom også Emilie Kalkenberg og ut på sisterunden hadde Maren ei leiing på 7,1 sekund ned til Kalkenberg. Maren klarte å halde unna heilt til mål og sikra seg sin andre gullmedalje i EM. Oceane Michelon frå Frankrike tok bronsen.

Søndag er det blanda stafett i slovakiske Osrblie.

I løpet av EM-dagane har Maren også avansert på samanlagtlista i IBU Cupen. Ho er no nummer tre med 536 poeng. 

Vi gratulerer med nok eit EM-gull!



3 x gull til Markaneløparar i Holmenkollen!

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Ane Hjelmeset Kirkeeide (J14, i midten), Syver Melheim Espe (G13) og Brita Svarstad Heggdal (J13) tok alle gull i sine klasser under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen!

I tillegg vart det ein flott fjerdeplass til Olina Svarstad Heggdal i J15. Med ein solid sisterunde skilde det berre tre sekund opp til ein pallplass

Vi gratulerer!

Her er resultata frå dagens løp: 

https://live.eqtiming.com/69587#files

Foto: Markane IL

Her er nokre foto frå dagen:

Brita Svarstad Heggdal,, Ane Hjelmeset Kirkeeide og Syver Melheim Espe vann sine klasser i Kvalfoss-sprinten.


Syver Melheim Espe på toppen av pallen i klasse G13

Brita Svarstad Heggdal på toppen av pallen i J13


Ane Hjelmeset Kirkeeide på toppen av pallen etter å ha vunne klasse J14


Olina Svarstad Heggdal i fint driv i løypa





EM-sølv til Maren Hjelmeset Kirkeeide på sprinten

Postet av Markane IL den 27. Jan 2024

Det var ny EM-medalje til Maren Hjelmeset Kirkeeide då ho gjekk inn til sølv på sprinten i Osrblie


På fredagens sprint vart det nok ein gong feilfri skyting med 10 treff av 10 moglege. 

Etter første skyting var ho  godt med, 12,1 sekund etter teten. På andre skyting vart det også fullt hus og dermed var ho i medaljekampen. Ut på sisterunden låg ho på sølvplass, 10 sekund bak lagvenninna Ida Lien. Denne plasseringa held ho heilt til mål. 

I mål vart det 14 sekund frå Maren og opptil gullvinnar Ida Lien. Khrystyna Dmytrenko frå Ukraina tok bronsen, 35,3 sekund etter vinnaren.

Vi gratulerer med EM-sølv!



Suverent EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 24. Jan 2024

Med fire fulle hus vart det eit suverent gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normaldistansen under EM i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Det låg an til å bli eit toppløp for Maren heilt frå starten. Etter første skyting var på ho ein 8.plass berre 15,9 sekund etter svenske Stina Nilsson. 

Løpet til Maren vart betre og betre for kvar skyting og etter det tredje fulle huset gjekk ho ut i teten 10,4 sekund føre lagvenninna Ida Lien.

Etter å ha klart full hus også på siste skyting hadde Maren 36,7 sekund ned til Ema Kapustova frå Slovakia som då låg på sølvplass.. Med god fart i løypa var det ingen som var i nærleiken av å truge sigeren.

I mål kom Alina Stremous frå Moldova, som også skaut fire fulle hus, på  sølvplass. Ho var 46,5 sekund bak. Bronsen gjekk til Ema Kapustova som i mål var  59,1 sekund bak.

Ida Lien (1–0–0–2) vart nummer fire, over to minutt bak.

Også ein annan nordfjording leverte flott innsats i EM i dag då Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL sikra seg  sølv i herreklassen.


Vi gratulerer!



Skikurs for alle nivå

Postet av Markane IL den 19. Jan 2024

Gym Stryn arrangerer i samarbeid med Markane Idrettslag to kveldar på Ullsheim der du kan få tips frå landslagstrenar Sjur Ole Svarstad til korleis du kan gå betre på ski. Du vel sjølv om du går klassisk eller skøyting. Han hjelper deg til betre teknikk, lettare motbakkar og større treningsutbytte.

For:
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp 👌
▪️Tid og stad: Tysdag 23/1 og tysdag 20/2. Begge dagar kl 18:30-19:45. Du treng ikkje delta på begge dagar, bli med på det du ønskjer!
▪️Opplegget er heilt gratis!
▪️Påmelding på sms til Ann Kristin Grodås, 46331481, seinast eit par timar før start

Og du, om du har skiinteresserte barn, så kan det nemnast at Markane IL også har skileik for barn på Ullsheim på same tidspunkt - så ta med heile familien på ski desse dagane! 





Resultat frå årets første cuprenn

Postet av Markane IL den 17. Jan 2024

Årets første cuprenn vart arrangert på Ullsheim tysdag 16.januar. Rennet gjekk i klassisk stil. I alt 34 deltakarar stilte opp denne første rennkvelden.

Best deltaking var det i yngste klasse og heile 20 løparar på 8 år eller yngre var i aksjon. 

Her er deltakar- og resultatliste frå rennet:

Resultat- og deltakarliste frå cuprenn 1 i klassisk stil. Dato: 16.01.2024



Årets første cuprenn i klassisk stil tysdag 16.januar

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024


Det er klart for årets første cuprenn tysdag 16.januar. Rennet går i klassisk stil med individuell start.
Utdeling av startnr frå kl 18:00, første start frå 18:30 Utan tidtaking på dei yngste, eldre barn kan også velje dette om dei ønsker.

Du treng ikkje være medlem i Markane IL for å delta. Deltakeravgifta på cuprenn er kr 50,- Avgifta betalast med vipps (Vippsnr 641339) ved påmelding. Påmelding i kommentarfeltet under på facebookgruppa til Markane IL, helst innan måndag kveld! Skriv namn + fødselsår. Om du ikkje har hugsa på å melde deg på førehand, så kom likevel!

Det blir boller å saft til alle deltakarar etter målgang 🙂

NB! TRIMKLASSE for den glade mosjonist! Kven som helst kan delta! Meld deg på, gå når du ønskjer det og den distansen du vil - eller delta med startnummer, du legg lista!

Løparar frå andre klubbar er sjølvsagt velkomne til å delta



Maren Hjelmeset Kirkeeide teken ut til EM i Slovakia

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide er teken ut til EM i skiskyting i Brezno-Osrblie i Slovakia  som vert arrangert 22.-28. januar. Foto: NSSF


Vi gratulerer!



3.plass på Lygna til Katrine Svarstad Heggdal

Postet av Markane IL den 15. Jan 2024

Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott tredjeplass under sprinten i K18 under Norgescupen i skiskyting på Lygna i helga Ho skaut fullt hus på standplass og hadde god fart i sporet. Dermed held det tilhennar første pallplass i NC. Foto: Nordfjord Team Tussa

Simon Kirkeeide, som låg godt an på fellesstarten, fekk til slutt ein 10. plass laurdag.. 

Løparar frå Nordfjord Team Tussa og Stryn VGS gjorde gode resultat også søndag. Elida Fuglem gjekk inn til ein fjerdeplass under fellesstarten, medan Mari Sofi Meland (Markane IL) vart nummer 5 i K19-klassa medan Elina Østerbø enda på 11 plass og Oddrun Kirkeeide på 23 plass.

Eline Myren (Valldal IL/Stryn vgs. gjekk seg heilt opp på pallen med sin 3. plass.

Vi gratulerer!



Resultatliste frå SSF-cup Ullsrennet 2024

Postet av Markane IL den 13. Jan 2024

102 deltakarar var på start då Ullsrennet 2024 vart arrangert på Ullsheim.

Her er den offisielle resultatlista: 

Offisiell resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 13.01.2024



Takka for stor innsats gjennom mange år

Postet av Markane IL den 2. Jan 2024

I samband med årsmøtet i Markane IL gjekk nokre av dei som har vore med i gruppestyra ut av verva sine for denne gong. Av desse hadde tre vore med heilt (eller nesten) samanhengane i verv sidan førre årtusen: Margunn Hjelmeset (t.v), Sigbjørn Fænn og Aslaug Thingnes Bø.

Aslaug Thingnes Bø kom inn som medlem i friidrettsgruppa hausten 1993 og vart leiar der i perioden 1995-1999. Etter ein liten pause var ho tilbake i orienteringsgruppa frå 2004-2008, for så å bli leiar på nytt for friidrett i 2009-2014. I perioden 2019-2013 har ho vore medlem i orienteringsgruppa.

Margunn Hjelmeset kom inn som medlem i skigruppa frå 1996-1997 og vart sekretær i skigruppa frå 1998-2002.  Hausten 2007 vart ho leiar i Barneidrettskulen og har vore med som kontaktperson her fram til hausten 2023 sjølv om her siste åra ikkje har vore aktiv drift. I 2010 vart ho også medlem av skigruppa og har vore med der heilt fram til hausten 2023.

Sigbjørn Fænn kom inn som medlem i trimgruppa hausten 1997 og vart leiar i gruppa frå hausten 1999 til hausten 2010. I perioden hausten 2010 til hausten 2023 gjekk han over til å vere leiar i skigruppa. I tillegg var han 2.vara til hovudstyret hausten 2011-2012, 1.vara til styret 2012-2014, styremedlem 2014-16 og nestleiar frå 2016-2020. Dermed har han hatt eit eller fleire verv samanhengande i 26 år!

Alle desse tre vart tildelt ein blome på årsmøte for stor innsats for laget!

I tillegg var det også fem andre som har vore med bra lenge som gjekk ut av sine gruppeverv: 

Kjetil Svarstad: medlem skigruppa 2003-2005, leiar sykkelgruppa 2008-2013, medlem skigruppa 2010-2023.

John Roger Meland: sekretær/nestleiar skiskyttargruppa 2004-2023

Torstein Breivik: medlem skiskyttargruppa 2016-2023

Pål Trøsken: leiar/kontaktperson skiskyttargruppa 2019-2023

Marthe Holien Bø: medlem trim 2019-2021, leiar/kontaktperson trim 2021-2023.

I tillegg vart Sjur Ole Svarstad takka for innsatsen som leiar i laget dei siste to åra. Han gjekk av som leiar, men er med vidare som styremedlem i hovudstyret.

Stor takk til alle som har vore med å drive laget - både dei som no gjekk ut av verv for denne gongen og til dei som er med vidare.

Etter valet på årsmøtet ser samansetnaden av  styret og gruppestyra slik ut:

Styret for 2024: Antonia Karete Haugen Kongsvik (leiar), Sigbjørn Kirkeeide (nestleiar), Sjur Ole Svarstad, Monica Valvik Halsteinslid, Torbjørn Hatledal og Margrethe Garlid

Skigruppa: Samuline Beate Seljeset (leiar), Ingrid Wangensteen Flore, Ann Kristin Grodås og Stig Tisthamar

Skiskyttargruppa: Nils Heggdal (leiar), Anne Irene Teige, Svein Ove Espe og Hedda Garlid Hilde

Orienteringsgruppa: Anne Marie Svarstad (leiar), Henning Heimlid, Kristin Hatledal, Marita Sætren Bøe og Per Øen.

Gruppe for trim, friidrett og barneidrett: Renate Berstad (leiar trim), Even Nesje (Markanebadinga), Antonia Karete Haugen Kongsvik (friidrett) og Torbjørn Hatledal (kontaktperson barneidrettskulen)

Elles ligg fullstendig oversikt over alt av grupper og utval her: Styret 2024

Vi nyttar høvet til å takke alle medlemer for engasjement og innsats i året som var. 

Takk til alle som velvillig stiller opp på dugnad gong på gong. Det hadde ikkje gått utan dykk!

Vi ønskjer alle medlemer eit riktig godt år 2024!