Ny topplassering i norgescupen i langrenn for Emilie Flo Stavik
Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

Emilie Flo Stavik gjekk eit nytt toppløp i langrenn og gjekk inn til ein flott 4.plass på 5km langrenn i Noregscupen for K 19-20 på Nannestad. Foto: Nordfjord Team Stryn Energi.
Emilie låg lenge heilt på toppen av lista i K19-20, men vart til slutt nummer fire, berre 3,6 sekund unna pallen. Ho var 26 sekund bak vinnaren av løpet Anna Heggen frå Svea Skilag.
Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk godt. Ho låg nokre sekund bak Emilie halvvegs i rennet. I mål vart Maren nummer 11. Ho var om lag 20 sekund bak Emilie.
Flott innsats i ei klasse der mange av løparane er eit år eldre enn Maren og Emilie.
Vi gratulerer med resultata!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Basar og premiefest søndag 26.oktober 2025
18.10.2025
Miljøsamling 11.-12.oktober 2025
06.10.2025
Trygg på trening i Stryn
29.08.2025
Vellukka aktivitetsdag på Ullsheim!
02.08.2025