Rulleskibana:
Postet av Markane IL den 20. Jun 2011
Rulleskibana er opna!

Over 200 personar var samla på Ullsheim søndag 19.juni for å få med seg den offisielle opninga av bana. Tarjei Bø stod for snorklippinga med assistanse frå leiar i Markane IL, Eldbjørg Hatledal.

Det vart i løpet av programmet mange helsingar blant anna frå skipresident Sverre Seeberg, skiskyttarpresident Tore Bøygard, fylkeskommunen, idrettskrinsen, skikrinsen, skiskyttarkrinsen med fleire.
Bana var vist fram gjennom både ein skytekonkurranse og miks-stafett med skiskyttarar og langrennsløparar.
Seinare på kvelden vart skiskyttarane heidra frå fleire hald for den fantastiske innsatsen forrige sesong. Markane IL utnemnde Tarjei Bø til æresmedlem i laget. Æresdiplomet var laga av Laila Garlid. I tillegg til Tarjei vart også dei fire med gullmedaljar i NM, Lars Midthjell Gjørven, Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø heidra for innsatsen.
Johannes Thingnes Bø vart også tildelt Bragd-pokalen frå Sogn og Fjordane skikrins.
Meir om opninga og mange foto frå kvelden vert lagt ut om litt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Basar og premiefest søndag 26.oktober 2025
18.10.2025
Miljøsamling 11.-12.oktober 2025
06.10.2025
Trygg på trening i Stryn
29.08.2025
Vellukka aktivitetsdag på Ullsheim!
02.08.2025