Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
Postet av Markane IL den 10. jun 2026

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø har fått tildelt Norges Skiskyttarforbund sitt heidersteikn.
Norges Skiskyttarforbund hadde forbundsting på Gardermoen sist helga. I tillegg til Tarjei og Johannes vart det også tildelt heidersteikn til Morten Aa Djupvik, Per Arne Botnan og Siv Bråten Lunde. Foto: NSSF
I uttala frå NSSF heiter det: «NSSF Hederstegn kan tildeles skiskyttere/ledere som har oppnådd fremragende resultater i nasjonale og internasjonale konkurranser, eller har fremhevet seg i arbeidet for NSSF på en spesiell måte. Hederstegnet er forbundets høyeste utmerkelse for idrettslig og administrativ innsats. Hederstegnet gis som jakkemerke i gull»,
Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø la opp etter 2024/2025-sesongen.
Johannes er ein av dei mestvinnande utøvarane i skiskyttarsporten, med 40 VM-medaljar (22 gull, 13 sølv, 5 bronse) og 8 OL-medaljar (5 gull, 2 sølv, 1 bronse). Han vann verdscupen samanlagt fem gonger.
Tarjei sikra seg 27 VM-medaljar (12 gull, 7 sølv, 8 bronse) og 7 OL-medaljar (3 gull, 2 sølv, 2 bronse) før han sette karrierepunktum. Han vann verdscupen samanlagt ein gong (2010/2011).
Vi gratulerer!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026