Langeland 1.2.2013:
Postet av Markane IL den 1. Feb 2013
Lars Midthjell Gjørven og Simon Hjelmeset Kirkeeide KM-vinnarar!
Simon Hjelmeset Kirkeeide (Foto: Fjordingen) og Lars Midthjell Gjørven (Foto: Team Statkraft Nordfjord) vann kvar si klasse under KM-friteknikk på Langeland.
Både Simon Hjelmeset Kirkeeide og Lars Midthjell Gjørven vann sine klasser då KM fri teknikk vart arrangert på Langeland i dag.
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klassa G13 suverent med heile 56 sekunds margin ned til andremann Kent Ove Sæten, Hyen IL, i den 3 km lange løypa. Heile 14 løparar var med i 13-årsklassa. Lars Midthjell Gjørven vann KM 10 km fri teknikk i klassa M18 med endå større sigersmargin. Heile 1 min 24 sekund skilde ned til sølvvinnar Eirik Hovland frå Årdalstangen IL.
Markane IL sine tredje deltakrar på dagens KM Johan Eirik Meland kom på ein fin femteplass i klassa M19/20 år. Gjøran Tefre frå NTG-G/Førde IL vart klassevinnar.
KM-helga held fram med KM sprint på laurdag og KM klassisk stil på søndag.
Komplett resultatliste frå dagens KM-øving nedanfor:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Nær o-løp på Tverrfjellet
03.09.2024
Innbyding til medlemsmøte
10.08.2024
Opning av Ullsheim Frisbeegolf Stryn
25.06.2024
Resultat frå Postvegløpet 2024
05.06.2024
Innbyding til Postvegløpet 2024!
20.05.2024