Sandane 27.06.2011:

Postet av Markane IL den 4. Jul 2011

God deltaking på "Skitrening med Odd-Bjørn Hjelmeset".

Odd-Bjørn Hjelmeset og deltakarane på skiopplæringa. Foto: Margunn Hjelmeset

Måndag 27.juni inviterte Odd-Bjørn Hjelmeset, veslebror Roar Hjelmeset, tidlegare landslagstrenar Morten Aa Djupvik og vår eigen Sjur Ole Svarstad, som for øvrig er påtroppande trenar for rekruttlandslaget, til skitrening for ungar mellom 8-14 år på idrettsplassen på Sandane.

9 ungar frå Markane IL reiste til Sandane for å vere med på arrangementet

Totalt var der nesten 60 born som møtte opp i striregnet, men det var ingenting å seie på innsatsen. Under samlinga vart det øvingar med og uten stavar, stafettar med meir. Alle fekk oppleve at langrennstrening er alt anna enn kjedeleg! Det vart ein god time med mykje futt og fart.

Etter økta fekk alle deltakerpremiar, bollar, sjokolade, saft og rosiner. I tillegg vanka det caps, hue eller buff.

Fleire foto frå samlinga finn du nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset.



 

 

 

Nokre av deltakarane før treninga startar: 

Ivrige deltakarar. Foto: Margunn Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset og tidlegare landslagstrenar Morten Aa Djubvik var trenarar. 

Trenarane instruerer. Foto: Margunn Hjelmeset

 Ivrige deltakarar testar ulike treningsmetodar:

Under trening. Foto: Margunn Hjelmeset

Mange spennande øvingar vart testa ut: 

Lovande skiløper under trening. Foto: Margunn Hjelmeset

 Den nye landslagstrenaren for rekruttlandslaget Sjur Ole Svarstad instruerer ein ung deltakar:

Sjur Ole Svarstad var ein av trenarane på samlinga. Foto: Margunn Hjelmeset

Fleire foto av unge deltakarar på samlinga.

Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Foto: Margunn Hjelmeset

 

Foto: Margunn Hjelmeset


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.