Sykkelløp for born 25.05.2011:

Postet av Markane IL den 24. Mai 2011

"Tour of Norway for Kids" vert arrangert i Stryn 25.mai

Unge syklistar på Barneidrettsskulen. Foto: Margunn Hjelmeset

 

"Tour of Norway for Kids" er eit landsomfattande arrangement i regi av Sykkelforbundet. I Nordfjord er det Stryn sykkelklubb som skal vere arrangør. Kanskje er her unge syklistar i laget vårt som har lyst å stille på?

 

 

Løpet startar frå brannstasjonen i Stryn ondag 25.mai kl.18.00.

Løpet har eigne klassar for dei med trehjulssykkel eller støttehjul. Øvre aldersgrense er 14 år. Løypelengda for dei yngste er 400 meter. Det er gratis å delta og alle får premiar. Ein av deltakarane vert den heldige vinnar av ein ny sykkel!. Påmelding kan gjerast på lenkja her. Det er også mogleg å melde seg på ved start.

Meir informasjon om "Tour of Norway for Kids" er  her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.