Orienteringsløp 25.05.2011:

Postet av Markane IL den 14. Mai 2011

Klart for orienteringsløpet "Rotekoppen" 25.mai!

 

Orienteringsløpet "Rotekoppen" som vert arrangert av Breim IL, bruker å samle ein del orienterarar frå laget vårt kvart år. Årets "Rotekoppen" vert arrangert onsdag 25.mai med start kl.19.00. Løpet er eit mellomdistanse krinsløp.

Start frå Øvreset, Breim. Parkering skjer ved gardsvegen til Skinlo, 500 meter frå Øvresetsvingen.

 

Påmelding skal gjerast til Harald Forland, Breim på tlf 91 77 74 73 eller på epost: harald.forland@gmail.com innan fredag 20.mai.

Heile invitasjonen finn du nedanfor..

INNBYDING TIL ROTEKOPPEN 2011

Breimsbygda IL ønskjer velkommen til ROTEKOPPEN 2011.

Tid:

Onsdag 25.05.2011 Start Kl. 19.00

KART:

Tverrbakkane, digitalisert og justert 2010 Målestokk 1: 7.500 (1: 5000 for dei 2 kortaste løypene) Ekv. 5 m.

FRAMMØTE: Ca 200 m å gå til samlingsplass Øvreset. Parkering ved gardsveg til Skinlo 500 m frå vegkryss Øvreset-svingen mellom RV 60 og fylkesveg til Hetle bru.

Rotekoppen er eit fellesstart-løp, med kartbytte for 5 og 3 km. Elles vanlege O- løyper. Ca 20 minutt å gå til start.

Løyper- og klasse-tilbod:

1: 5,0 km A: H 17-, D 17-,

2: 3,0 km A/B: H 15-16,H 45-, H 55-, H/D17-kort, D15-16, D 45-, D 55-

3: 2,0 km C : H 11-12, H 13-14, D 11-12, D 13-14

H/D open med eller utan tid.

4: 1,5 km N : H/D -10 N, H/D11-12 N, H/D 13-16 N,

H/D- N open utan tid.

PÅMELDING:

lister med ,namn, brikkenummer alder og klasse.

Innan fredag 20.05. til Harald Forland, 6827 Breim

E-post: harald.forland@gmail.com Tlf 91 77 74 73

Gje opplysing om leige av brikker ved påmelding.

Leige Kr 20,-

PÅMELDINGSAVGIFT: TILLEGG ETTERPÅMELDING:

Løparar t.o.m 16 år Kr 60 Kr 30

Løparar f.o.m. 17 år Kr 110 Kr 60

Ikkje etterpåmeldingsavgift for løparar under 12 år.

PREMIERING:

Alle t.o.m 12 år. 1/3 til 13-16 år. 1/8 til A-klassar frå 17 år.

Fine premiar for deltaking i 10-år og 20-år.

Arrangøren slår saman klassar, om ein finn det tenleg.

TIDTAKING:

EKT, i kombinasjon med manuell tidtaking.

ETTERPÅMELDING:

Seinast 1 time før start.

KIOSK

VASK:

Våtklut

Helsing

Harald Forland Norvald Ospehaug Atle Støyva

Løpsleiar TD Løypeleggar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.