Barneidrettsskulen 03.05.2011:

Postet av Markane IL den 8. Mai 2011

Sesongavslutning for årets barneidrettsskule

-orienteringsløp og premieutdeling avrunda sesongen.

Små og store samlast over kartet. Foto: Margunn Hjelmeset

Barneidrettsskulen hadde sesongavslutning tysdag 3.mai på leikeplassen i Tonningsbakkane. Siste kvelden var det innføring i orienteringssporten som stod på programmet. Det vart ei  kjekk samling i samarbeid med orienteringsgruppa i Markane IL. Borna fekk prøve seg både på ei løype i skogen og rakettløype nær leikeplassen. Etterpå vart det servert både pølser og frukt til alle som deltok.


Kvelden vart avslutta med premieutdeling for barneidrettsskulesesongen 2010/2011.

Alle borna som har delteke på årets barneidrettsskule, fekk kvar sin
personlege premie - eit krus med eige bilde på (teke frå ein av aktivitetane i år). 25 born var tilstades og mottok premien sin. Foto frå kveldens premieutdeling ser du nedanfor. Ved å klikke på bileta kan du sjå på dei i full storleik!

Fleire foto frå avslutningskvelden finn du under les heile saka.

Premieutdeling for gruppe 1 på barneidrettsskulen. Foto: Margunn HjelmesetPremieutdeling for gruppe 2 på barneidrettsskulen. Foto: Margunn Hjelmeset

Barneidrettsskulen takkar alle for eit flott aktivitetsår!

Vel møtt igjen til hausten! 

Fleire foto frå avslutningskvelden:

Små og store følgjer godt med når orienteringsgruppa instruerer om korleis kartet skal brukast:

Orienteringsgruppa instruerer store og små. Foto: Margunn Hjelmeset

To ferske orienteringsløparar...

To unge orienterarar ute i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

...og endå tre nye deltakarar i orienteringssporten.

Tre gutar i aksjon i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

Både store og små må studere kartet for å finne fram:

Store og små studerer kartet. Foto: Margunn Hjelmeset

Etter fullført løp er det godt med pølse og frukt.

Frukt og pølser er godt etter fullført løp. Foto: Margunn Hjelmeset

Takk for i år og velkomne tilbake til hausten!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.