NM i skiskyting i Målselv, 30.03.2011:

Postet av Markane IL den 31. Mar 2011

Tarjei Bø vart norgesmeister på 20 km.

-Johannes Thingnes Bø på 6.plass!

Tarjei Bø. Foto: Ove SveenJohannes Thingnes Bø. Foto: John Roger Meland

 Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø levert begge fantastiske løp under NM i Målselv. Tarjei vart norgesmeister på 20 km medan Johannes kom heilt opp på ein 6. plass. Ein heilt fantastisk prestasjon av ein junior!

Tarjei skaut 19 av 20 treff og vann dagens norgesmeisterskap på 20 km suverent føre Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen som hadde to bom kvar.

Johannes held ein fantastisk fart i sporet og hadde fjerde beste langrennstid. Trass fire bom førte farten i sporet han heilt fram til ein sjetteplass. Ein utruleg prestasjon! Dermed kom to av dei seks beste i NM frå Markane IL.

Vi gratulerer med resultata!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.