Norgescup Dombås 25.03.2011:

Postet av Markane IL den 27. Mar 2011

Johannes Thingnes Bø. Foto: Asgeir Årdal

 

Johannes Thingnes Bø vann øvinga supersprint under Norgescupen i skiskyting for juniorar på Dombås i dag.

Det er første gongen denne øvinga vert arrangert som eit norgescuprenn.

 

 

Etter at prologen var vel gjennomført var det klart at Johannes hadde klart å kvalifisere seg til finalen i supersprint. I finalen vart løparane tekne ut av løpet om dei ikkje klarte å få ned alle blinkane i løpet av åtte skot. Det vart etterkvart få løparar igjen i rennet og Johannes Thingnes Bø gjekk først over mål. Han vann dermed den første distansen under Norgescupen på Dombås. Pål Andre Skrede, Hardbagg IL sikra ein sterk dag for Nordfjord og gjekk inn til fjerdeplass.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.