Holmenkollen 20.03.2011:

Postet av Markane IL den 20. Mar 2011

Tarjei Bø vinnar av verdscupen samanlagt !

-Avslutta sesongen med åttandeplass på fellesstarten.

Tarjei Bø vann verdscupen samanlagt. Foto: NRK 

Tarjei Bø sikra seg samanlagt sigeren i verdscupen totalt i Holmenkollen i dag. Dermed vart det eit fantastisk punktum for ein utruleg sesong. Til slutt skilde det berre fem poeng mellom Tarjei Bø og andremann Emil Hegle Svendsen i totalcupen.

Før dagens avsluttande fellesstart var det klart at om Emil Hegle Svendsen gjekk av med sigeren, måtte Tarjei Bø vere minst nummer elleve for å vinne totalcupen. Dei to duellantane Bø og Svendsen følgde kvarandre gjennom mesteparten av løpet. Begge skaut fulle hus på liggjande medan det vart ein bom på første ståande. Inn til siste skyting var det heilt jamnt. Her måtte Tarjei tole to bom medan Svendsen klart seg med ein. Dermed gjekk Emil Hegle Svendsen ut på fjerdeplass 15 sekund etter Ole Einar Bjørndalen medan Tarjei  Bø var nede på tolvteplass.

Tarjei Bø avslutta med ein god sisterunde i løypa og gjekk seg opp til åttandeplass. Dermed var samanlagtsigeren sikra. Emil Hegle Svendsen gjekk til topps på dagens fellesstart føre russaren Ustyugov. Ole Einar Bjørndalen var nummer tre.

Sigeren i den totale verdscupen er krona på verket vor ein fantastisk sesong for Tarjei. Fem individuelle verdscupsigrar, individuelt gull på normaldistansen under VM, to VM-gull på stafett og no siger i verdscupen samanlagt er ikkje mindere enn fantastisk!

Gratulerer med ein heilt fantastisk sesong, Tarjei!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.