VM i skiskyting i Khanty-Mansijsk 12.03.2011:

Postet av Markane IL den 12. Mar 2011

Tarjei Bø avslutta VM med 4.plass på fellesstarten.

Tarjei Bø under sprinten i VM. Foto: NRK.

Tarjei Bø avslutta VM med fjerdeplass på fellesstarten i Khanty-Mansijsk. Tre gull, to bronse og ein fjerdeplass vart fasiten etter seks løp. Ein utruleg imponerande innsats!

Også under dagens fellesstart var Tarjei Bø med heilt framme i teten. Dei tre første skytingane var feilfrie, men på den fjerde og avgjerande skytinga vart det to bom. Dermed hamna Tarjei rett bak pallplassane i dag. Det vart likevel norsk VM-gull. Emil Hegle Svendsen vann dagens fellesstart føre russaren Ustyugov. Italienske Lukas Hofer sikra seg bronsen medan Tarjei som nemnt vart nummer fire. Ole Einar Bjørndalen kom i mål som nummer seks medan Lars Berger vart nummer 14.

Neste helg vert årets verdscup avslutta i Holmenkollen. Tarjei Bø ligg godt an til å vinne verdscupen samanlagt med 1022 poeng. Emil Hegle Svendsen er den nærast konkurrenten med 947 poeng. Så følg med på dei avsluttande konkurransane neste helg!

Gratulerer med ein fantastisk innsats i VM, Tarjei!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.