VM i skiskyting i Khanty-Mansijsk, 11.03.2011:

Postet av Markane IL den 11. Mar 2011

Nok eit VM-gull til Tarjei Bø

-stafettsiger til det norske laget.

Alexander Os, Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø og Ole Einar Bjørndalen. Foto: NRK

Tarjei Bø sikra seg sin tredje gullmedalje under VM i Khanty-Mansijsk då han gjekk ankeretappen på det norske stafettlaget. Dermed har han også fem medaljer på like mange forsøk hittil i VM. Ein fantastisk prestasjon! Det norske stafettlaget bestod i tillegg til Tarjei Bø av Ole Einar Bjørndalen, Alexander Os og Emil Hegle Svendsen.

Ole Einar Bjørndalen gjekk første etappe for det norske laget. Med feilfri skyting og bra fart i løypa sendte han Alexander Os ut på andre etappe med ei leiing på 15 sekund til Sverige og 20 sekund ned til Russland og Tyskland. Alexander Os skaut feilfritt på liggjande, men måtte tåle ein strafferunde på ståande skyting. Farten i sporet var likevel så god at Noreg veksla først, marginalt føre Tyskland og Russland.

Emil Hegle Svendsen måtte bruke eit ekstraskot på første liggjande og to på ståande. Noreg og Tyskland fekk etterkvart luke ned til russaren Maksimov. Tarjei Bø vart sendt ut på ankeretappen side om side med tyske Michael Greis. Etter første skyting såg alt lovande ut. Trass sterk vind klarte Tarjei seg med eit ekstraskot medan Greis måtte ut i tre strafferundar. På den ståande skytinga stod det att berre ein blink for Tarjei etter dei fem ordinære skota. Men trass tre ekstraskot ville ikkje siste blinken ned, og Tarjei måtte dermed ein tur i strafferunden. Trass i denne ekstra spenninga gjekk Tarjei ut med 14,6 sekund leiing til russiske Tsjerezov. Ingen av laga klarte å nærme seg Tarjei Bø på sisterunden, og det norske laget hadde dermed sikra seg stafettgull! Russland gjekk inn til sølv medan Ukraina sikra seg bronsen.

I morgon er det klart for herrane sitt siste løp 15 km fellesstart. Følg vår eigen Tarjei Bø på jakt etter endå ei VM-medalje på NRK 1 kl.14.30! 

Vi gratulerer med VM-gull nummer tre!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.