VM i skiskyting i Khanty-Mansijsk, 08.03.2011:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2011

Tarjei Bø verdsmeister!!

-Vann 20 km i VM suverent!

Tarjei Bø på første skyting under normaldistansen. Foto: NRK

Tarjei Bø vart individuell verdsmeister for første gong i dag då han vann normaldistansen under skiskyttar-VM i Khanty-Mansjisk suverent. Gullmedaljen set krona på verket av det fantastiske verdsmeisterskapet Tarjei Bø har levert så langt. Fire VM-startar har gjeve to gull og to bronse. Ein heilt fantastisk prestasjon!

 Tarjei leverte eit flott løp frå start til mål. På standplass vart det 19 av 20 moglege treff. Den gode skytinga kombinert med jamn og god fart i løypa og ein kjempemessig sisterunde mot mål gjorde det klart at dette var eit løp heilt i toppsjiktet. Sidan Tarjei gjekk ut med startnummer 23, vart det ei stund i målområde med venting der konkurrentane måtte gje tapt ein etter ein. Best an låg austerrikaren Christoph Sumann, men då også han laut tåle ein bom på det aller siste skotet var resultatet klart:

Tarjei Bø hadde vunne GULL!

På sølvplass kom Maxim Maksimov, Russland og bronsen gjekk til Christoph Sumann frå Austerrike. Det vart også elles også ein god norsk dag då Emil Hegle Svendsen vart nummer 4 og Ole Einar Bjørndalen kom på 6.plass. Dette lover godt for stafetten på fredag der Tarjei Bø garantert skal ut å gå ein etappe.

Sendinga startar fredag kl.13.20 på NRK1.

Markane IL sender dei varmaste gratulasjonar til dagens verdsmeister Tarjei Bø. Vi er umåteleg stolte av deg!

Gratulerer med gullet Tarjei!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.