VM i skiskyting i Khanty-Mansijsk 06.03.2011:

Postet av Markane IL den 6. Mar 2011

Ny VM-bronse til Tarjei Bø!

VM bronse på jaktstarten til Tarjei Bø (t.h). Her saman med sølvvinnar Emil hegle Svendsen og gullvinnar Martin Fourcade. Foto: NRK

Tarjei Bø følgde opp den solide innsatsen frå i går og sikra seg nok ein individuell bronsemedalje på jaktstarten i VM i Khanty-Mansjisk i dag! Dermed har Tarjei fått medalje på alle dei tre første distansane han har delteke på i VM så langt. Ein utruleg prestasjon! Martin Fourcade, Frankrike vann jaktstarten føre Emil Hegle Svendsen og altså Tarjei på bronseplass.

Tarjei Bø gjekk ut på jaktstarten 25 sekund etter Arnd Peiffer, Tyskland. Tarjei skaut fulle hus på begge dei liggjande skytingane. På ståande vart det ein bom på kvar av seriane. Martin Fourcade var den einaste av dei som kjempa heilt fram i teten som klarte å få ned alle blinkane på siste skyting. Fourcade sikra seg dermed gullet. Utfrå siste skyting gjekk Arnd Peiffer ut på andre plass medan Tarjei og Emil Hegle Svendsen følgde på dei neste plassane. I løpet av runden før mål hadde Tarjei og Emil innhenta tyskaren. Det var dermed duka for ein spennande spurt. Emil Hegle Svendsen sikra seg sølvmedaljen medan Tarjei gjorde ein taktisk god manøver og greidde akkurat å kome inn på oppløpet føre tyskaren. Dermed var det klart for Tarjei sin tredje medalje i VM sålangt!

Neste løp for Tarjei er 20 km tysdag 8.mars. Sendinga startar kl. 12.45 på NRK1. Så følg Tarjei i kampen om fleire VM-medaljar.

Vi gratulerer med nok ein flott bronsemedalje i VM!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.