VM i skiskyting i Khanty-Mansijsk 05.03.2011:

Postet av Markane IL den 5. Mar 2011

VM-bronse til Tarjei Bø på sprinten!

VM bronse til Tarjei Bø. Foto: Rune Fossum/NRK

Tarjei Bø sikra seg karrierens første individuelle VM medalje med bronse på dagens sprint i Khanty-Mansjisk!

Det var store forventningar til det norske laget etter gullmedaljen på miksstafetten på torsdag. Tarjei Bø fekk ein strafferunde på den første skytinga og gjekk ut eit stykke etter teten her. Men etter rask og feilfri ståandeskyting, passerte han ut etter det andre standplassopphaldet på tredjeplass. I mål gjekk Tarjei inn på andreplass 25 sekund etter dagens vinnar Arnd Peiffer frå Tyskland. Martin Fourcade, Frankrike, kom på eit seinare startnummer og sneik seg inn på andreplass. Dermed enda det med bronsemedalje til Tarjei Bø i hans første individuelle VM løp. Ein flott prestasjon!

Øvrige norske resultat i dag: 5.plass Emil Hegle Svendsen, 14.plass Lars Berger og 22.plass Ole Einar Bjørndalen. I morgon er det klart for jaktstart med utgongspunkt i dagens resultatliste. Tarjei har dermed eit strålande utgongspunkt for morgondagen. Så følg med på Tarjei sitt neste VM løp søndag 6.mars kl 09.30 på NRK1.

Gratulerer med VM-bronsen Tarjei.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.