Hovudlandsrennet i skiskyting i Trondheim, 25.-27.02.2011:

Postet av Markane IL den 25. Feb 2011

Normaldistansen:

Lars Midthjell Gjørven til topps i 16 års klassa!

Lars Midthjell Gjørven vann 16 års under hovudlandsrennet i Trondheim. Foto: Sigbjørn Myklebust

Lars Midthjell Gjørven hadde fullklaff under normaldistansen på Hovudlandsrennet i skiskyting i Trondheim. Med fullt hus på begge skytingar gjekk Lars heilt til topps på i 16 års klassen! Han følgde dermed opp innsatsen til storebror Jarle Midthjell Gjørven som vart norgesmeister for junior forrige helg.

Etter første skyting gjekk Lars ut som nummer fem, men jobba seg stadig opp på lista utover løpet. I mål var Lars Midthjell Gjørven fem sekund føre sin næraste konkurrent Lars Aasheim Svaland frå Birkenes som gjekk raskt i sporet, men måtte tole ein strafferunde. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL kom på 13.plass. Han var 1,09 minutt etter Lars etter å ha fått fire strafferundar.

Markane IL sin deltakar i 15 års klassen, Georg Halsteinslid, enda på 82. plass av 120 deltakarar med tilsaman seks strafferundar.

Samla resultatliste frå dagens normaldistanse ligg her.

I morgon held Hovudlandsrennet fram med sprint.

Gratulerer med sigeren Lars!

Sprinten:

Laurdag 26. februar var det klart for sprinten på hovudlandsrennet. Også i dag var det siger til ein nordfjording i 16 års klassen for gutar. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL skaut feilfritt og vann klassa. Lars Midthjell Gjørven som skaut berre blinkar på normaldistansen, måtte i dag tole to bom.  I mål var Lars 1 minutt og 28 sekund etter dagens vinnar. Det helt likevel til ein god 12.plass av dei i alt 101 deltakarane.

Markane IL sin løpar i 15 års klassen Georg Halsteinslid vart nummer 52 av dei i alt 123 startande. Han fekk tre rundar og kom inn 1 minutt 58 sekund etter vinnaren Magne Harborg frå Røros IL.

Fullstendige resultatliste for dag to ligg her.

Stafetten:

Markane IL hadde to løparar med på søndagens stafettar.

I klassa gutar 15-16 år gjekk Lars Midthjell Gjørven tredje etappe. Med på laget var Trygve Aaland Tryggjestad, Helge Kvam Karbø, Lars Midthjell Gjørven og Isak Flo Bødal. Laget kom noko dårleg i gong med to strafferundar på første etappe. Etter første veksling låg dei på 21. plass. Men på dei neste etappane gjekk seg jamnt oppover lista og vart til slutt nummer fire knappe tjue sekund etter bronseplassen. Sør Trøndelag vart vinnar av stafetten.

I klassa gutar 15 år gjekk Georg Halsteinslid andre etappe p åSogn og Fjordane sitt laget. Stafettlaget bestod av Erlend Solhaug Myklebust, Georg Kristian Halsteinslid, Fredrik Munch Starheim og Jørn Smørdal Botn. Laget enda på 9. plass. Vnnar av klassa blei Oslo og Akershus lag 1.

Fullstendige resultatliste frå stafettane ligg her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.