Junior NM i skiskyting på Fet:

Postet av Markane IL den 20. Feb 2011

 

NM-gull til

Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven!

 

NM gull til Johan Eirik Meland i 17 års klassen. Foto: Magne Hjelle 

Johan Eirik Meland vann 17 års klassen i junior NM i skiskyting jaktstart.

Johan Eirik hadde eit fint utgongspunkt etter andreplassen på gårsdagens norgescupsprint. Alt etter den første skytinga var han oppe i leiinga etter ein feilfri skyteserie.

 

 

Også på andre skyting vart det fullt hus, men på første ståande blei det to rundar. Etter ein bom på siste skyting greidde Johan Eirik akkurat å smette ut av strafferunden føre Henrik Gifstad.

Eit solid rykk i siste bakken gjorde at Johan Eirik kunne juble for NM gull etter å ha slege Henrik Gifstad med to sekund i mål.

Jarle Midthjell Gjørven vann NM gull i 18 års klassa. Foto: Magne Hjelle

 

 

Jarle Midthjell Gjørven følgde opp med ein like fantastisk innsats og sikra seg NM gullet i 18-årsklassen.

 

 

Også Jarle gjekk inn til andreplass på gårsdagens norgescupsprint. Han starta 28 sekund etter vinnaren av sprinten, Øystin Ullekleiv. Jarle skaut fullt på første skyting dermed kom han og Ullekleiv innn til andre skyting samstundes.

Etter at Jarle fekk ein runde på andre skyting gjekk Håkon Svaland opp i leiinga. Differansen til Jarle var på 15 sekund. Etter tredje skyting var det berre 9 sekund som skilde. Dermed skulle alt avgjerast på siste skyting. Jarle skaut fire perfekte skot før det vart ein bom. Svaland måtte tole to bom og dermed hadde Jarle eit føresprang på 10 sekund ut frå siste ståande. I mål var leiinga auka til 15 sekund og Jarle Midthjell Gjørven kunne dermed juble for NM gull på jaktstarten!

Vi gratulerer noregsmeistrane!

Andre resultat:

Det var også fleire lokale løparar som deltok på junior NM i jaktstart i Fet i Akershus.

Menn 18 år:

1. Jarle Midthjell Gjørven, Markane/Team Statkraft Nordfjord

14. Runar Netland, Markane/Team Statkraft Nordfjord

27. Pål Andre Skrede, Hardbagg/Team Statkraft Nordfjord

33. Geir Olav Roset, Hardbagg/Team Statkraft Nordfjord

51. Isak Fotland Fænn. Markane/Team Statkraft Nordfjord

Menn 17 år:

1. Johan Eirik Meland Markane/Team Statkraft Nordfjord

Menn 20-21 år:

54. Eirik Bøe, Markane/Team Statkraft Nordfjord

Fullstendige resultatliste finn du på lenkja under:

Resultatliste NM skiskyting jaktstart for junior, Fet 20.februar 2011


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.