Fellesstarten i Oberhof 09.01.11:

Postet av Markane IL den 10. Jan 2011

Ny siger til Tarjei!

Tarjei under fellesstarten i Oberhof. Foto: NRK

Nok ein gong imponerte Tarjei Bø stort under verdscupen i skiskyting. På fellesstarten i Oberhof vart det endå ein siger! Dette var Tarjei sin første siger på ein fellesstart og den fjerde sigeren totalt i årets verdscup!

Under dagens løp vart det fullt hus på første liggjande skyting og ein bom på den andre. På første ståande skyting datt alle blinkane ned på berre 18 sekund! Dermed gjekk Tarjei ut i tet etter tredje skyting. På den siste skytinga vart det ein strafferunde, men det vart også rundar på dei næraste konkurrentane. Dermed heldt leiinga heilt til mål. Nærast kom Emil Hegle Svendsen som kom i mål drøye 2 sekund etter Tarjei. Russiske Ivan Tscherezov vart nummer tre.

Dagens siger betyr også at Tarjei auka leiinga i verdscupen samanlagt og går med den gule leiartrøya også når verdscupsirkuset held fram i Ruhpolding onsdag 12.januar.

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.