Ny siger til Tarjei:Bø:

Postet av Markane IL den 7. Jan 2011

Tok sin tredje siger i og auka leiing i verdscupen samanlagt!

Etter målgong i Oberhof. Foto: NRK

Under sprinten i Overhof i dag gjekk for første gong i karrieren Tarjei ut med den gule leiartrøya.

Trass svært vanskelege skyteforhold vart det fullt hus i liggjande og berre ein bom i ståande. Kombinert med god fart i løypa var gav dette Tarjei hans tredje verdscupsiger for sesongen og auka leiing i verdscupen samanlagt.

I mål var Tarjei 16,7 sekunder føre tyske Arnd Pfeiffer medan tsjekkiske Michal Slesingr var 20,7 sekunder bak på tredjeplassen. Øvrige norske hadde ein svak dag på standplass. Emil Hegle Svendsen, som ligg på andreplass i verdscupen samanlagt, kom på åttande plass. Alexander Os blei nummer 17 og Ole Einar Bjørndalen nummer 22.

Søndag kl. 15.30 er det klart for fellesstart frå Oberhof. då går Tarjei på nytt ut med den gule leiartrøya!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.