Kategori
Ullsheim 25.3.2014
Postet av Markane IL den 26. Mar 2014
Cuprennsesongen avslutta med duathlon
Startfeltet i klasse 9-10 år. Frå venstre: Jørgen Trøsken, Selma Guddal Breivik, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Iselin Bø, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Malin Eikenes Tjellaug. I rekkja bak: Mari Sofi Meland, Malin Guddal Sunde og Gjertlin Kirkeeide. Foto: Margunn Hjelmeset
I alt 56 deltakarar stilte opp på sesongens femte og siste cuprenn. For klassane frå 11 år og oppover var det duathlon medan dei yngste gjekk vanleg renn i fri teknikk. Som vanleg var det flest deltakarar i dei yngste klassane med 21 deltakarar i klassa 8 år og yngre og 9 deltakarar i 9-10 års klassa. Ingvild Hatledal deltok i K18 UH. Det var også ein deltakar i trimklassa utan tid
I konkurranseklassane var det mange jamne duellar. I J11-12 gjekk klassesigeren til Maren Hjelmeset Kirkeeide berre tre sekund før Emilie Flo Stavik. Oskar Guddal Breivik vann klasse G11-12. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass.
Simon Hjelmeset Kirkeeide vann G13-14 etter ein jamn duell med Eskil Kveen. Kari Alsaker vart vinnar av J13-14. Også i G15-17 var det nesten "dødt løp". Aksel Mathias Meland vann til slutt klassa 1 sek før Isak Hopland. Også i klasse M18 og oppover skilde det berre eit knapt sekund mellom nr 1 og 2. Isak Fotland Fænn vann klassa med Kjetil Svarstad på andreplass.
Nedanfor er resultatlista. Fotoa frå rennet er tekne av Margunn Hjelmeset.
Resultatliste for cuprenn 5. Duathlon. Dato: 26.3.2014
Oda Svarstad Hole og Inger Hjelmeset
Amund Bakke, Rasmus Loen og Thomas Eikenes Tjellaug
Bendik Vereide og Jon Erlend Bø inn til skibytte.
Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide
Elias Dispen Lødemel
Anders Svarstad Hole inne til skibytte.
Startfeltet for klassane 13 år og oppover
Isak Hopland og Aksel Mathias Meland
Eirik Ørjasæter
"Den skal tidleg krøkast..."
I bakgrunnen Karoline og Kristin Almskår
Malin Eikenes Tjellaug
Sara Annie Bjørnhaug Aarnes.
Malin Guddal Sunde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.