Kategori
Ullsheim 31.01.2012
Postet av Markane IL den 5. Feb 2012
57 deltakarar stilte opp på cuprenn nr 2
Deltakarane i klasse 13-14 år. Frå venstre Magnus Arntsen, Odd Sindre Tonning, Aksel Meland og Håkon Midthjell Gjørven. Foto: Margunn Hjelmeset
Tysdag 31.januar vart det andre rennet i årets Telenor-cup avvikla. Løpet samla omlag like mange deltakarar som det første og mange unge løparar leverte god innsats i løypene. Rennet gjekk i fri teknikk og var også årets lagsmeisterskap i denne stilarten.
I klasse 15 år og oppover vann Jarle Midthjell Gjørven seks sekund føre broren Lars Midthjell Gjørven. Også i klasse 13-14år vart det jamnt. Odd Sindre Tonning vann klassa etter å ha slege Aksel Meland med berre to sekund. Liv Rigmor Netland vann jenter 11-12 år medan klassen for gutar 11-12 år vart vunnen av Simon Hjelmeset Kirkeeide.
Resultatliste Telenorcupen renn 2 i fri teknikk Dato: 31.01.2012
Fleire foto frå rennet er lagt ut nedanfor.
Mange blide og fornøgde skiløparar deltok på årets andre cuprenn. Alle foto er tekne av Margunn Hjelmeset.
Anders Svarstad Hole i målområdet.
Bertine Fløtre Reed, Daniel Eikås og Nikolai Dispen Lødemel
Fredrik Nesje Lindvik, Marius Arntsen og Håvard Tonning
Oda Svarstad Hole og Katrine Svarstad Heggdal
Marius Olsen, Magnus Midthjell Gjørven, Sigurd Fotland Fænn, Vegard
Lødøen Flo, Maren Heggdal Olsen og Fredrik Nesje Lindvik.
Liv Rigmor Netland stilte opp i jenter 11-12år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.