Friidrett:

Postet av Markane IL den 4. Mai 2011

Hugs lagsmeisterskapet i friidrett 10.juni 2011!

 

Friidrett på barneidrettsskulen 2008. Foto: Barneidrettsskulen

Årets lagsmeisterskap vert avvikla fredag 10.juni kl.18.00 på Hornindal idrettspark.
 
Også i år vert lagsmeisterskapet i friidrett arrangert i fellesskap av klubbane
i Indre Nordfjord.
 
 Øvingane som er på programmet er: 60 m/100m, lengde, høgde, kule, liten ball, spyd, 600 m/800 m.
 
Sjølv om det vert høve til å melde seg på ved start, vil vi gjerne ha flest mogleg påmeldingar på førehand!
 
Påmelding skal sendast til Aslaug Thingnes Bø på epost:  aslaugtb@gmail.com  innan 8. juni.
 
Hugs å oppgje alder og kva øvingar du ønskjer å delta på!
 
På grunn av vegbyggjing rundt Hornindal skule vil parkering dette året bli ved kyrkja.
 
Velkomne på lagsmeisterskap!
 
 
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.