Skiposten 2011:

Postet av Markane IL den 26. Apr 2011

Hugs å levere inn klippekorta frå årets skipost!

Deltakarar på årets skipost. Foto: Margunn Hjelmeset

Sesongens runde med skipost er no avslutta og alle som var med må hugse på å levere inn klippekorta sine. Korta må leverast til Mariann eller Margunn Hjelmeset så snart som mogleg og helst før 1.mai.

Det er like viktig å levere inn kortet sitt om ein har eit klipp eller alle ti. Alle som har vore med på årets skipost får diplom og deltakarpremie. Ved å levere inn kortet er du også med i trekninga om fine gåvepremiar!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.