.

Postet av Markane IL den 31. Mar 2011

Årets skisesong nærmar seg slutten, men enno er det nokre høgdepunkt att:

Lagsmeisterskap klassisk, slalom og hopp

Søndag 3.april vert det arrangert lagsmeisterskap i klassisk langrenn, slalom og hopp.

Langrennet er også merkerenn!

Påmelding frå kl.15.00. Rennstart kl.16.00

Startkontingent: 30 kr pr start for born og 50 kr pr start for vaksne (15 år og oppover)

Etter rennet vert det grilling i årestova.

Servering av frukt.

Cuprenn nr 4/Lagsmeisterskap fristil

Det siste av årets cuprenn vert arrangert tysdag 5.april.

Rennet går som fristil omvendt jaktstart med utgongspunkt i resultata i renn nummer 2.

Det er sjølvsagt fullt mogleg å vere med om ein ikkje har gått dei tidlegare renna!

I tillegg til konkurranseklassane er det som vanleg trimklasse utan tidtaking - open for alle.

Cuprenn 4 vert også lagsmeisterskap i fristil.

Påmelding frå kl.18.00.

Første start kl.18.45.

Velkomne til cuprenn og lagsmeisterskap på Ullsheim!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.