Ungdoms-OL i Liberec:

Postet av Markane IL den 19. Feb 2011

Sølv til stafettlaget

-etter fantastisk etappe av Johannes Thingnes Bø!

Johannes Thingnes Bø sikra saman med resten av laget sølv på stafetten. Foto: Thomas Aabø/ strafferunden.no 

Med god fart i løypa og ein rekordrask siste ståande gjekk Johannes Thingnes Bø det norske laget opp til sølvplass på mixstafetten i Liberec.

Tyskland leia stort sett heile stafetten og vann med fem minutts margin.

Då Johannes vart sendt ut på siste etappen i stafetten, låg det norske laget nede på fjerde plass. På den første skytinga måtte det eit ekstra skot til, men på ståande datt alle blinkane  ned på rekordraske 16 sekund. Når Johannes i tillegg hadde dagens beste langrennstid, avanserte det norske laget heilt fram til andreplass. I mål var avstanden opp til Tyskland omlag fire minutt medan bronsevinnar Frankrike kom i mål halvanna minutt etter Noreg.

På det norske laget gjekk også Hilde Fenne, Rikke H. Andersen og Aasmund K. Steien.

Johannes sikra seg dermed medalje i alle dei tre løpa i ungdoms-OL, ein gull og to sølv. Ein fantastisk prestasjon!

Vi gratulerer!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.