Verdscupen i Fort Kent:

Postet av Markane IL den 14. Feb 2011

Nok ein tredjeplass for Tarjei Bø!

Tarjei Bø og Ivan Tcherezov under jaktstarten i Fort Kent 

Også på laurdagens jaktstart vart det medalje til Tarjei Bø.

Tarjei gjekk ut som nummer tre og hadde framleis denne plasseringa ved målgong. Tarjei måtte ut i ein strafferunde etter første skyting og kom dermed eit stykke etter Emil Hegle Svendsen og Martin Fourcade som leia. Desse to klarte seg med kvar sin runde totalt og held seg i føringa heilt til mål. Trass i to nye bomskot på siste skyting vart det ein ny flott tredjeplass til Tarjei.

Emil Hegle Svendsen vann løpet hårfint føre Martin Fourcade frå Frankrike. Tarjei Bø kom i mål 1 minutt og 17 sekund etter vinnaren.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.