Verdscupen i skiskyting, Fort Kent, USA:

Postet av Markane IL den 10. Feb 2011

Ny pallplass til Tarjei Bø!

Ny pallplass til Tarjei i Fort Kent. Foto: Jan Gustavsson

På nytt gjekk Tarjei Bø eit supert løp i verdscupen. Torsdag 10.februar vart det ny pallplassering med ein tredje plass under sprinten i Fort Kent, USA.

Etter første skyting gjekk Tarjei ut på 16.plass, men ein svært god ståande serie førte han opp på fjerde plass. Tarjei gjekk seg opp endå ei plassering før målgong og kunne nok ein gong innta pallen.

Emil Hegle Svendsen vann sprinten føre tsjekkaren Michal Slesingr. Tredje plassen betyr også at Tarjei framleis leiar verdscupen samanlagt.

Vi gratulerer!

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.